17.mai-tale Hjelle skule 2022, av Ole-Mathias Nes

Kjære alle sammen, gratulerer med den store dagen. Gratulerer med grunnlovsdagen. Kanskje den beste dagen i året med is, pølse i brød, barnetog, leikar, korps og glade menneske med norske flagg så langt auga kan sjå på ein og same dag. Og i år, også med sol og varme.

Eg trur at akkurat denne grunnlovsdagen er den mest etterlengta 17.maifeiringa i fredstid. Endeleg er vi frie til å samlast igjen utan meterstokk og munnbind etter to år med ein lang og utmattande pandemi. I år er folkehavet i barnetoga tilbake til normalen over heile landet vårt.

For oss her på Hjelle er vi endeleg i lag der vi tradisjon tru brukar å vere denne festdagen. Nemleg på Hjelle skule. Skulen vår, som for oss er sjølve symbolet på fellesskap, feiring av store og små anledningar, meistring i idrettslag og korps og ikkje minst læringsarenaen som har utdanna «hjellarar» til gagns folk i ei årrekke. Staden som knyt grendene langs Hornindalsvatnet og Eidselva saman. Her finn vi jording, her er vi trygge. Her har vi det godt.

Eg vågar påstanden at 17.mai er den viktigaste nasjonale merkedagen i Noreg i tillegg til 8.mai. Så er det også slik at utan frigjeringsdagen 8.mai, ingen 17.mai. Noko som gjev eit ekstra tankekors desse maidagane der Europa er ramma av krig, igjen. Desverre er ikkje det vi trudde var utenkjeleg i 2022 lenger utenkjeleg grunna maktovergripelsane i Ukraina. Det som for oss er den trygge og gode kvardagen er, ikkje langt vekke frå oss, eit inferno i heilt vanlege byar og tettstadar. Ein despot har utfordra suverenitet til nabolandet Ukraina, eit gryande demokrati, ved å forsøke å styrte det. Noreg og andre europeiske land har gjort og gjer mykje for å hjelpe Ukraina. Men, kva meir kan vi gjere? Alle sammen? Utover å hjelpe dei som rømmer frå krig og naud og kjem her til oss?

Ein opplagt ting vi kan gjere er i det minste at vi som kan, må feire demokratiet, friheita og grunnloven vår kvar einaste dag. For, friheit og fred er noko som må kjempast for. Det kjem ikkje av seg sjølv og det varer ikkje utan at vi tek vare på dei grunnleggjande prinsippa og vedlikeheld dei. Det viser situasjonen i Ukraina med full styrke. Det viste også krigsåra frå 1940-1945 oss. Unge menn frå Nordfjord, inkludert min eigen bestefar Mathias Nes, reiste til Valdres for å forsvare fedrelandet slik unge menn no forsvarar Ukraina mot Putin sin innovasjonshær. Mot overmakta. La difor dagen i dag også vere ei påminning om at grunnlovsfesta rettigheitar kan verte sett på prøve og utfordra om vi ikkje er «på vakt», har god beredskap og ein framtidsretta forsvarspolitikk. La det også vere ei klinkande klar melding til dagens «Eidsvollmenn og Eidsvollkvinner» på Stortinget at forsvaret vårt må styrkast frå Grense Jacobselv til vår eiga Firda kaserne.

Men, opp i alt alvoret vi ser i verda vår i dag, så er Noreg framleis eit land der demokratiet er urokkeleg og der «Eidsvollmenna» sine grunnlovsfesta reglar står sterkt og urokkeleg den dag i dag. 17.mai er ein dag å vere ekstra stolt av landet vårt. For her feirar vi dagen gjennom inkludering og tankesettet «alle skal med» uavhengig av bakgrunn og nasjonalitet. I barnehagar og skular lærer ungane om 17.mai på ein måte som gjer at alle kan føle fellesskap til dei verdiane som vart nedfelt i grunnloven på Eidsvoll uansett om fødelandet ditt er Noreg eller Uganda. Dei som følgjer med på TV2-serien Korps united eller har vore med på Norway cup forstår kva inkludering verkeleg handlar om. Dette er dei same verdiane som den dag i dag gjer Noreg til ei ledestjerne for det liberale demokratiet med menneskeverd og respekten for at kvart enkelt menneske har eigenverdi og er unikt. Alle fortenar ein sjanse til å vise kva som bur i ein.

Her i Hjelle krins er folkeviljen, inkluderinga og demokratiet kanskje mest synleg gjennom organisasjonslivet og dugnadsånden vår. Seinast for nokre få veker sidan stillte omlag 30 personar i regi av Heia, små og store, på idrettsplassen for å gjere klart til fotballsesongen og for å gjere det fint til 17.mai. Viljen til å ta vare på det som er vårt og «gå den ekstra mila» for krinsen vår anten det gjeld skulen, 4H, Heia IL, Fellesanlegget Tua, skulemusikken eller arbeid i grendene viser at her er det fellesskapet som rår og dugnadsånden består.

Det siste og kanskje beste dømet på innsatsen for lokalsamfunnet vårt var når rektor Dag Inge Dæmring og elevar ved skulen tok malarkosten i eiga hand og måla flaggstanga før 17.mai. Slike initiativ må dyrkast fram vidare akkurat som gjenlegget på ei dyrka mark. Så, i dag skal vi vere stolte av landet vårt, men også vårt eige vesle lokalområde her på jorda og alt vi får til i lag.

For Hjelle krins er på mange måtar vårt vesle kongerike der dei kommunale, regionale og nasjonale verdiane får utløp på det lokale plan. Og, så må vi sjølv på ein festdag, minne kvarandre om at akkurat som i eit demokratisk val der kvar stemme tel, så tel også kvart einaste vesle bidrag her i vårt område. Hjellesamfunnet har i alle år vore framme i skoa. Her er tankesettet: «Spør ikkje kva kommunen kan gjere for meg, men kva eg og vi kan gjere for kommunen».

Eg meiner vi skal halde fram på denne måten og byggje vårt vesle lokalsamfunn på grunnmuren til dei grunnlovsfesta verdiane våre. Med samhold og respekt for enkeltindivida men og trua på at sjølv små fellesskap i grendene kan oppnå store ting når ein dreg i same retning. I dag konkurrerer grendene venskapleg på idrettsparken i den tradisjonsrike fotballturneringa. I morgon står vi igjen side om side på for store og små saker til det beste for krinsen vår.

17.mai flaggar vi for landet vårt og grunnloven av 1814. Men, la oss alle stå på vidare og skape fleire «flaggdagar» anten det er når vi opnar sykkelbana og pumptracken her ved skulen, når rassikring av Navelsakerstranda er på plass eller når det siste huset i krinsen har fått fiber. Det er tross alt kvardagane og det vi gjer mellom dei offisielle festdagane som gjer dagar som i dag ekstra spesielle.

Med desse orda vil eg ynskje dykk alle ein retteleg fin 17.mai vidare.

Takk for meg!