Medietilsynet har spurt ungdom om kva dei sjølv opplever som skadeleg innhald i sosiale medium, og helst ville vore forutan. Rapporten «Robust, resignert og nummen» baserer seg på kvalitative intervju med 11 ungdommar i alderen 13–15 år og foreldra deira.

Ungdommane i undersøkinga fortel at dei reagerer mest på videoar av vald utøvd av ungdom mot ungdom. Nesten alle i fokusgruppa seier at dei har sett slike videoar. Fleire seier dei trur at audmjukinga i at det blir filma og delt igjen og igjen er like ille som sjølve valdshandlingane. Nesten alle ungdommane fortel at dei har sett innhald dei skulle ønskje at dei ikkje hadde sett.

– Ungdommane vi har intervjua, opplever at det er vanskeleg å verne seg mot valdeleg innhald på nett. Dei opplever å bli eksponerte for vald utan at dei aktivt søkjer etter det sjølv. Dette er alvorleg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Blant foreldra som vart intervjua, vart seksualiserte førespurnader frå framande vaksne nemnt som ei hovudbekymring knytt til skadeleg innhald på nett. Aggressiv marknadsføring og utestenging var andre ting foreldra bekymra seg for.

– Rapporten viser at det er eit stort sprik mellom frykta til foreldra for kva som er skadeleg på nett og det ungdommane sjølv opplever som skadeleg. 13-15-åringane opplever at dei vaksne ikkje veit kor mykje valdeleg innhald dei ser til dømes på Snapchat og Tiktok, seier Velsand.

(©NPK)