Frå 18 til 24 månaders alder utviklar mange ungar neofobi, ein medfødd skepsis mot potensielt giftig mat. Det er difor viktig å utvikle aksept og toleranse for ulike smakar tidleg hos barnet. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB /NPK

Slik får du dei til å prøve ny mat

Om barn skal bli opne for å prøve nye matvarer, bør både foreldre og barnehage starte jobben tidleg. Når barn når ein viss alder, lukkar nemleg smaksvindauget deira seg.