I nyttårstalen lova statsminister Jonas Gahr Støre at folk flest vil få betre råd i år. Det har ikkje direktøren i inkassokonsernet Intrum noka tru på, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi ser ikkje at folk flest vil få betre råd i år, dessverre. Vi opplever snarare ein auke i talet på inkassosaker som vi trur berre vil halde fram, seier administrerande direktør Steinar Nielsen i Intrum.

Intrums tal viser særleg auke i talet på bustadlån som går til inkasso.

– Vi må tilbake til åra 1998 og 2008 for å sjå ein like stor del bustadlån av totalsakene som det vi ser no. Og alt tyder på at det blir verre dei kommande månadene, seier han.

Intrums tal viser at auken i talet på saker med høge krav særleg rettar seg mot personar med inntekt godt over gjennomsnittet, som bur i sentrale strøk.

– Inkasso er ikkje lenger eit fattigdomsfenomen. For første gong har vi fleire betalingsmerknader knytt til folk over 60 år enn for dei under 30. Det er ganske heftig, seier Nielsen.

Andelen som ikkje klarer ei uventa utgift på 10.000 kroner, har sidan i fjor sommar auka frå 24 prosent til 32 prosent no, ifølgje ei undersøking frå Norstat.

(©NPK)