Det skal vere glatt på E39 ved Vassenden og ved Byrkjelo og mellom Vadheim og Lavik, melder NRK.

Også på riksveg 5 har det komme meldingar om glatte vegar, spesielt frå Naustdal og Grov.

Ifølgje trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad er årsaka at regn har frose på bakken.

(©NPK)