12. mai kvart år er nynorskdagen. På denne dagen i 1885 vart jamstillingsvedtaket vedteke på Stortinget. På Bergen katedralskole ville ungdomane i Katten målungdom gjere noko spesielt under årets feiring.

Saman med Hordaland mållag tok dei kontakt med kunstnar og tidlegare elev ved skulen, Slava Nemes Matisic. Oppdraget blei å lage eit kunstverk som syner Ivar Aasen som eit førebilete på kreativitet og fagkunnskap, og å skape kveik blant elevar og lærarar.

Kultfiguren Ivar Aasen

Fylkesordførar og nynorskentusiast Jon Askeland deltok på avdukinga av måleriet.

– Vi blir aldri leie Ivar Aasen. Han er ein kultfigur, men han var jo også ein stor vitskapsmann. Han tok fatt på identitet, og den vestlandske identitet som gjerne er litt motstraums og tør å utfordre, sa Askeland.

Noregs største målungdomslag

– Eg er stolt over at ein skule midt i Bergen by har det største målungdomslaget i landet, og at det er ungdommen som tar ansvar for dette, sa rektor Karen Kristine Rasmussen til stor jubel frå elevar og besøkande på skulen.

Katten målungdom er ein synleg og aktiv del av det faglege og sosiale fellesskapet blant elevane på skulen og er med på å skape språkleg mangfald og toleranse.

– Eg vil takke Katten målungdom for å vere den krafta de er i den organiserte målrørsla. Det er eit privilegium å leie mållaget og sjå at det er sånne ungdommar i eit så stort lag. Ikkje minst at det skjer i ein bokmålsdominert by, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

(©NPK)