Stad kommune skal i gong med å skrive ein kulturplan for 2023–2035 med mål om å beskrive korleis Stad kommune saman med det frivillige og profesjonelle kulturlivet skal jobbe for å vere ein av dei beste kulturkommunane i landet.
Difor inviterer kommunen til innbyggjarmøte onsdag 1. juni i Bryggja grendahus, torsdag 2. juni i Operahuset Nordfjord og måndag 13. juni i Stadlandet grendahus.