– Kjenner du på den minste uvissa på om det er trygt å tenne grillen eller fyre bål, lèt du vere. Så enkelt er det, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i ei sak på nettsidene deira.

Fredag demonstrerte DSB skogbrannhelikopter-beredskapen på Sognsvann i Oslo. Formålet var å minne folk om å vere svært forsiktige i omgang med open eld utandørs, no som sommaren kjem og det blir varmare.

– Dei aller fleste lyng-, gras- og skogbrannar kjem av menneskeleg aktivitet og ofte aktløyse. Bålbrenning og grilling er dei vanlegaste årsakene. Er det ekstra tørt kan gneistar frå til dømes skogsmaskiner og tog, også starte brannar. Den einaste naturlege årsaka er lynnedslag, fortel Aarsæther.

Akkurat no melder Meteorologisk institutt at det er lokal gras- og lyngbrannfare nord på Vestlandet, i Midt-Noreg og i snøfrie delar av Nordland. Varmt og tørt vêr denne veka vil halde oppe eller auke gras- og lyngbrannfaren i lågareliggjande område i Sør-Noreg og i snøfrie delar av Nordland.

(©NPK)