PLIVO står for pågåande livstruande vold.

– Det vil vere synleg væpna politi, i tillegg til mannskap frå brann og ambulanse. Dette er ein type scenario som naudetatane øver årleg på, opplyser politiet i Nordfjord på Facebook.

Øvinga vil bli gjennomført på ettermiddag og kveld. Det kan bli avfyrt skot med markørvåpen.

Det vil vere personar med i øvinga som vil framstå som skadde.