Under to mil av riksvegane vert utbetra med gul midtstripe i år
I 2023 planlegg regjeringa å oppgradere 16,8 kilometer riksveg med utvida breidde og gul midtstripe. - Det er ein drope i havet når det er over 1000 kilometer med for smale riksvegar i dag, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.
Møtefri veg og gul midtlinje aukar trafikktryggleiken. Neste år blir 9,5 kilometer riksveg utbetra med forsterka midtoppmerking. Foto frå fylkesveg 620 i Stad kommune.
Foto: Tormod Flatebø