– Lågtrykka står på rekke og rad, og dei vil spesielt treffe Vestlandet denne veka. Det kan føre til skiftande temperaturar der det vil gå mellom å vere mildvêr og plussgrader til at det frys og blir minusgrader igjen, seier meteorolog Emili Carin Rønning ved Meteorologisk institutt til NTB.

Mellom lågtrykka kan det bli periodar med opphaldsvêr og sol, men det skiftande vêret byr først og fremst på utfordringar.

– Denne vekslinga vil føre til vanskelege køyreforhold fleire stader, særleg i morgontimane, då regn på vegane kan ha frose gjennom natta, seier Rønning.

Lågtrykka som er venta denne veka, vil treffe Vestlandet først, men kan trekkje så langt nord som til Trondheim og sør i Nordland. På Austlandet vil det halde fram med å komme nedbør, og ein må rekne med at det vil bli glatt, seier meteorologen.

Ho fortel at det har vore kaldt lenge, og at regnet som fell på Vestlandet måndag, ikkje har nokon stad å gjere av seg.

– Det er venta at regnet vil minke gjennom dagen, seier Rønning.

(©NPK)