Skal kartlegge skredrisikoen i Uldegrova

Nyhende

Stad kommune skal greie ut faren for kvikkleireskred rundt den opne delen av Uldegrova på Nordfjordeid og har sendt ut varsel til eigedomar rundt Uldegrova om at det skal gjennomførast geotekniske grunnundersøkingar på deira eigedommar. Det er planlagt å ta 12 borepunkt (sjå kart), og boringane skal gjennomførast av Multiconsult AS med ein beltegåande borerigg. Stad kommune legg til grunn at boringane er viktige og naudsynte for kartlegging av skredrisikoen. – Eventuelle terrengskadar som følgje av boreriggen kan meldast inn til kommunen, så vil dette verte retta eller kompensert når dei klimatiske tilhøva tillèt dette, fortrinnsvis etter vintersesongen, heiter det i brevet frå kommunen til eigarane av dei berørte eigedommane.