Stad går frå gult til grønt i barnehage og skule

Stad kommune går frå gult til grønt nivå i trafikklysmodellen frå og med måndag 17.januar 2022. 

Kommunalsjef Harald Sivertsen melder fredag 14. januar at Stad kommune går frå gult til grønt nivå i trafikklysmodellen frå og med måndag 17.01.2022. Endringa vil gjelde for om lag 500 barnehagebarn, 1200 skuleelevar og 350 tilsette.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

‒ Vi har hatt drøftingar og rådføringar både internt og eksternt etter at regjeringa kom med nye føringar i går, torsdag, og vi har no bestemt at alle barnehagane, grunnskulane og vaksenopplæringa i Stad kommune går frå gult til grønt nivå i trafikklysmodellen frå og med måndag 17.01.2022. Endringa vil gjelde for om lag 500 barnehagebarn, 1200 skuleelevar og 350 tilsette, seier Harald Sivertsen, kommunalsjef for oppvekst og opplæring i Stad kommune. ,

Grønt nivå barnehage:

Konkret betyr grønt nivå i barnehage at ingen sjuke skal møte i barnehagen. God hand- og hostehygiene er viktig. Det er tilstrekkeleg med normalt reinhald. Unngå handhelsing og klemming mellom tilsette • Planlegg for vanlig organisering av avdelingar. Planlegg for normal barnehagekvardag

Grønt nivå barneskule:

Konkret betyr grønt nivå i barneskule at ingen sjuke skal møte på skulen. God hand- og hostehygiene er viktig. Det er tilstrekkeleg med normalt reinhald. Unngå handhelsing og klemming mellom personar • Planlegg for vanleg organisering av skuleklassar. Planlegg for vanleg skulekvardag

Grønt nivå ungdomsskule:

Konkret betyr grønt nivå i ungdomsskule at ingen sjuke skal møte på skulen. God hand- og hostehygiene er viktig. Det er tilstrekkeleg med normalt reinhald. Unngå handhelsing og klemming mellom personar. Planlegg for vanleg organisering av skuleklassar. Planlegg for vanlig skulekvardag

Grønt nivå vidaregåande:

Konkret betyr grønt nivå i vidaregåande skule at ingen sjuke skal møte på skulen. God hand- og hostehygiene er viktig. Det er tilstrekkeleg med normalt reinhald. Unngå handhelsing og klemming mellom personar. Planlegg for vanleg organisering av skuleklassar. Planlegg for vanleg skolekvardag.

Gult nivå Vidaregåande

Konkret betyr gult nivå ividaregåande skule at ingen sjuke skal møte på skulen. God hand- og hostehygiene er viktig. Ha rutinar for styrkt reinhald. Unngå handhelsing og klemming mellom personar. Heile skuleklassar kan ha undervising saman. Elevar bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/- grupper. Tilsette kan veksle mellom klasser, men bør halde avstand til elevar så langt det er mogleg. Tilsette og elevar bør halde 1 meter avstand i alle situasjonar utanfor klasserommet. Unngå trengsle og store samlingar.