Opnar Bankkjellaren fredag kveld

‒ Eg er godt fornøgd med at regjeringa opphevar skjenkestoppen frå i dag. I første omgang betyr det at vi kjem til å opne opp baren i Bankkjellaren allereie i kveld, fredag 14. januar.

Opnar dørene: Etter at regjeringa oppheva skjenkestoppen torsdag kveld, opnar Øyvind Bjørlo baren i Bankkjellaren allereie i kveld, fredag 14. januar. - Vi avventar situasjonen litt når det gjeld Magnifikk. Er det mykje folk ute første kvelden kan det bli aktuelt å opne på Magnifikk allerie i morgon, laurdag 15. januar, seier Øyvind. Arkivfoto.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Torsdag kom regjeringa med den meldinga mange i restaurantbransjen har venta på. Då opplyste helse- og omsorgsminister Kjerkol at ein, etter råd frå FHI og Helsedirektoratet, opna opp for servering av alkohol, men med skjenkestopp klokka 23.00. Vidare at servering av alkohol skulle skje ved borda, sidan det bidrog til mindre bevegelse blant gjestene og sikrare smittevernet.