Har stifta Unge Høgre i Stad

Daniel Hildenes (17) har vore engasjert politisk allereie i mange år. No er han leiar i Stad ungdomsråd, leiar i Unge Høgre Stad og nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

UNGDOM: Daniel Hildenes har vore med å stifta Unge Høgre Stad, no har han også blitt nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Hans store mål er å kunne vere politikar på heiltid.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Daniel Hildenes går 1. klasse studiespesialiserande på Eid vidaregåande skule og er ein svært engasjert ungdom. Trass i at han berre er 17 år, har han hatt eit stort engasjement og vore aktiv innan politikk allereie i fleire år.