Flaumdrama på Nave

Gyda var ikkje nådig då store nedbørsmengder fekk Navevatnet til å stige med bortimot ein meter.
Nyhende

Kai Nave som har hjortefarmen sin på nordaustsida av Navevatnet fortel at vasstanden i Navevatnet nådde ein topp i 1-2 tida torsdag. Berre ein gong før har vasstanden vore så høg, men det er mange år sidan. Då var det ein kombinasjon av mykje nedbør og snøsmelting. Det slapp ein heldigvis no, elleskunne det gått mykje verre, seier ein letta Kai Nave.