Fann 56 positive av 122 analyserte prøver

Torsdag vart 122 koronaprøvr analysert av Helse Førde. 56 av dei viste koronasmitte.

Helse Førde analysterte 122 koronaprøver torsdag. Av desse gav 56 positivt resultat.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Her er Helse Førde si eiga oversikt over analyserte prøver siste veka:

Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Fredag 7. - søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive

Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive

Onsdag 12. januar: 87 analyserte prøver, 47 positive

Torsdag 13. januar: 122 analyserte prøver, 56 positive

Det er framleis ein innlag pasient med koronasmitta. Denne er på intensivavdelinga, og pasienten får respiratorbehandling, opplyser Helse Førde.

Totalt tal døde pasientar med covid-19 i Helse Førde, gjennom pandemien: 4