Dette var dei mest populære kinofilmane i 2021

I 2021 toppa den nye norske versjonen av Tre Nøtter til Askepott lista over dei mest besøkte kinofilmane i Stad.

1244 besøkande såg Tre Nøtter til Askepott på Stad kino i Operahuset Nordfjord i 2021.   Foto: OLIN MARIA YRI/ARKIV

Nyhende

Ifølgje Operahuset Nordfjord og Geir Holmen var Tre Nøtter til Askepott den mest populære kinoen i Stad i 2021 med 1244 besøkande. James Bond- No Time To Die kom på andreplass med 605 besøkande, Nordsjøen på tredje med 435 besøkande, PAW Patrol-filmen hadde 388 besøkande og kom på fjerdeplass og Verdens verste menneske vart femte mest sett med 273. I 2020 var Børning 3 mest sett med 449 personar.