Billettinntekt i 2021

Det dårlegaste året i Operahuset si historie

Året 2021 vart eit krevjande år for Operahuset Nordfjord som starta og avslutta året nedstengt.

OPERAHUSET NORDFJORD: Operahuset Nordfjord har hatt ei krevjande år, men er glade for dei arrangementa som kunne arrangerast som normalt i haust. I 2021 vart det selt 9692 billettar, som er ein nedgang frå 2020 då det vart selt 10.815 billettar.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Året 2020 vart eit vanskeleg år for mange, inkludert Operahuset Nordfjord som ikkje sidan oppstarten i 2009 hadde kome ut med så låge inntekter. I 2020 viste billettinntekta for kulturarrangement 3.446.925 kroner, noko som var det dårlegaste året og vel 1,9 millionar under toppåret i 2018. Året 2021 har også vore eit krevjande år, med koronatiltak og restriksjonar.