Tidlegare olje- og energiminister, Eivind Reiten (Sp):

– Liberaliseringa av kraftmarknaden har tent Norge godt i 30 år – inntil no

– For industrien og infrastrukturen i Norge vil dei uføreseielege straumprisane vere ei stor påkjenning, særleg når det skal planleggast ny næringsutvikling. Eg trur på ingen måte vi er tent med denne situasjonen, seier Eivind Reiten til Nationen.

Eivind Reiten var olje- og energiminister frå Senterpartiet frå 1989 til 1990, og har blitt omtala som energilova sin far. Dette biletet er frå opninga av Statnett sitt nye hovudkontor i 2000.   Foto: Statnett

Nyhende

Reiten var olje- og energiminister frå Senterpartiet frå 1989 til 1990. Seinare vart han direktør for Norsk Hydro. Mest kjent er han kanskje for å ha liberalisert energilova, som trådde i kraft i 1991 og opna for at straum kunne omsettast på marknaden til liks med andre varer.