Vil hjelpe eldre på internett

– Bli med på nettkurs

– Vi håper å kunne starte opp med kurs for nybegynnarar 26. januar. Det seier Åsmund Kyrkjeeide, leiar i Eid datastove. – Folk må ikkje vere redde for å melde seg på. Hjelpa/opplæringa vil starte på det nivået kursdeltakaren har.

KOME SEG PÅ NETT: ‒ Vi vil hjelpe folk som ikkje kan noko til å kome seg på nett, slik at dei kan ta bruk tenester som nettbank og offentlege nettenester. Det seier Åsmund Kyrkjeeide, som håper å kome i gang med kursing no når koronaen forhåpentlegvis gir seg. Alle foto: Anna Wuttudal 

Vi kan ikkje sitje i tre timar og hakke på eit brett

Nyhende

Målgruppa for det nye kurset er folk på 65 år og eldre som ikkje kan noko som helst om data. På datastova får du hjelp til å kome i gang med bruk av internett på smarttelefon, nettbrett eller PC.