Sjøarealplanen – legg opp til endeleg vedtak 17. feb.

Hanne Marie Utvær  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er knytt stor interesse til den politiske handsaminga av Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune. Rådgjevar for lokal samfunnsutvikling i Stad, Hanne Marie Utvær opplyser om at neste politiske handsaming er i utvalsmøta 8. februar, og at dei har mål om endeleg handsaming i kommunestyret veka etter.