Publikumsgrensa på arrangement blir auka

(NPK-NTB): Det blir opna for opptil 200 personar på innandørs arrangement med faste sitjeplassar. Utan faste tilviste plassar innandørs er grensa sett til 30 personar.

Regjeringa opnar no opp for at publikumsgrensa på arrangement blir auka. Det betyr at Operahuset Nordfjord no kan ta imot opptil 200 personar der det er faste sitjeplassar.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Innandørs blir grensa på 200 personar med faste sitjeplassar, men føreset at smittevernet blir vareteke. Det stiller krav til smittevern, avstand og munnbind.