Kven bør få klima- og miljøprisane i Vestland i 2022?

Vestland fylkeskommune deler i år ut to klima- og miljøprisar. Den eine er øyremerka landbruket, den andre kan gå til alle som har gjort ein innsats for og utmerka seg innanfor klima- og miljøarbeid i Vestland.

– Landbruket er ei viktig næring i fylket. Med denne nye prisen vil vi gje ei påskjønning for nokon som har gjort ein ekstra innsats på dette feltet, ved anten å formidle eller ta i bruk klima- og miljøvenlege løysingar, seier fylkesordførar Jon Askeland.  Foto: Vestland Fylkeskommune

Nyhende

Klima- og miljøprisen for landbruket blir delt ut for første gong i år og skal delast ut annakvart år framover.