Kraftig vind med orkan i kasta stoppar ferja

Ferjesambandet E39 Lote-Anda vert innstilt inntil vidare.

Ferjesamband E39 Lote-Anda er inntil inntil vidare på grunn av kraftig vind med orkan i kasta.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Grunna kraftig vind med orkan i kasta vert sambandet innstilt inntil vidare, opplyser Fjord 1.

Også Vegtrafikksentralen vest melder at E39 ferjestrekninga Lote-Anda er inntilt inntil vidare.

SISTE:

Klokka 00.21 natt til fredag opplyser Fjord1 at det er normal drift på sambandet Lote-Anda, men at ein må rekne med forseinkingar.