Helsedirektoratet og FHI tilrår lemping av ei rekkje tiltak

Delvis skjenkjeopning, gult nivå i alle skular og slutt på karanteneplikta er blant tiltaka helsestyresmaktene tilrår regjeringa å innføre.

Helsedirektoratets Bjørn Guldvog og FHIs Camilla Stoltenberg har komme med nye faglege råd til regjeringa  Foto: Heiko Junge/ NTB /NPK

Nyhende

I tillegg tilrår Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) å opne opp for opptil 200 på innandørs arrangement med faste sitjeplassar, og dessutan å gjere visse lettar for breiddeidretten og idrett for barn og unge.