Bengt Jostein Haugnes:

– Naturleg å optimalisere vassverdien

Gjennom hausten og så langt denne vinteren har vi sett svært varierande prisar på straum. Fjordabladet har retta spørsmålet til Sogn og Fjordane Energi

Optimaliserer: – Det naturleg at kraftprodusentane forsøker å optimalisere vassverdien. Dette betyr å produsere kraft på dei tidspunkta der ein kan få best betalt for produksjonen. Våre eigarar, som er lokale kommunar og Vestland fylke, i tillegg til Eviny, er tent med at vi leverer gode resultat, seier Bengt Jostein Haugnes, leiar for handelsavdelinga i SFE. Foto: Privat 

Nyhende

– I Sogn og Fjordane, som ligg i prisområde 3 (Midt-Norge) har straumprisen, så langt denne hausten og vinteren, vore moderat om vi samanliknar med prisområde NO1, NO2 og NO5. Kva er grunnen til dette?