Ekstremvêret Gyda har starta herjingane sine

Ekstremvêret Gyda har vist musklar over heile landet. Bussar har blåse av vegen, naust vorte tekne av flodbølgjer og skip grunnstøytt.

RV 15 STRYNEFJELLET: Bilete frå Statens vegvesens webkamera ved Grotli. Riksveg 15 over Strynefjellet er strengt. Fleire fjellovergangar er stengde eller har kolonnekøyring, og også ferjetrafikk er ramma.   Foto: Statens Vegvesen/NTB /NPK

Nyhende

Valdsame regnmengder, storm, kjempebølgjer, mildvêr og såpeglatte vegar er ingrediensane i kva ekstremvêret Gyda har å by på.