Ekstremvêr på veg – forventar mange skader

Tryg Forsikring forventar mange skader i samband med ektremvêret "Gyda" som er meldt onsdag og torsdag.

Forsikringselskap ventar mange skadar i samband med ektremvêret "Gyda".  Foto: Shutterstock-Tryg Forsikring

Nyhende

– Har du båt på sjøen må du sikre den med ein gong. Det er sjeldan vi opplever ekstremvarsel med opptil 200 mm nedbør vinterstid, men no forventar vi mange skader, aller mest vasskader, og då spesielt i Møre og Romsdal og i Sør-Trøndelag, skriv Torbjørn Brandeggen i Tryg i ei pressemelding.