Ordførar Silden vil arbeide for fleire miljøfyrtårn i Stad kommune

Eid elektro er miljøfyrtårn

Eid Elektro er blitt sertifisert som miljøfyrtårnbedrift. I dag fekk dei besøk av ordførar Gunnar Silden med miljøfyrtårnplaketten. Ordføraren seier han vil jobbe for at fleire bedrifter skal få denne utmerkinga.

Eid elektro har fått det synleg beviset at dei jobbar innanfor kriterium for å vere ei miljøbedrift. I dag var ordførar Gunnar Silden på plass for å dele ut plaketten for miljøfyrtårnbedrift. Til høgre på bildet Ingrid van Rooijen som har hatt jobben med å registrere/dokumentere tiltak som gjer dei til ei miljøfyrtårnbedrift. Til venstre dagleg leiar Tore Hjelle, som seier at alle bedrifter kan gjere sitt for å ta vare på miljøet inn i framtida.   Foto: Inger Træen

Nyhende

I dag var ordføraren på plass i Eid elektro sine lokale for å dele ut beviset på miljøsertifiseringa.