Bjørlo vil ha straumstøtte til kultur og idrett

Regjeringa må snarast kome med økonomiske støtteordningar til kulturaktørar, frivillige lag og ideelle organisasjonar som eig og driv kulturbygg og idrettsanlegg, og som slit med store ekstra kostnader som følgje av ekstraordinært høge straumprisar, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) ber regjeringa vurdere straumstøtte til frivillige og idrett på nytt.  Foto: Geir Olsen

Nyhende

I eit skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) skriv Bjørlo at situasjonen er kritisk og det hastar.