126 positive prøver

Helse Førde melder om 126 nye positive prøver etter at 301 prøver vart analyserte tysdag. Så langt denne veka har Helse Førde analysert 316 prøver og 132 av dei har vore positive.

Mellom tysdag 4. januar og tysdag 11. januar har Helse Førde analysert 1024 prøver og 331 har vore positive.   Foto: arkiv

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 301 prøver, og av desse var 126 positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag.

Det vert ikkje opplyst kvar dei positive prøvene er tatt.

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei skal sende koronatestar som er tatt. Difor kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved bruk av hurtigtestar, og det vil difor vere mørketal. Likevel viser tal på positive prøver frå Helse Førde ein trend over tid.

331 positive

Mellom tysdag 4. januar og tysdag 11. januar har Helse Førde analysert 1024 prøver, og 331 av desse har vore positive.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om 132 positive prøver etter at 316 prøver har blitt analyserte.

Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive

Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive

Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Fredag 7. – søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive

Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine tal er to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde. Ein av pasientane er på intensivavdelinga og får respiratorbehandling.

Gjennom pandemien er fire pasientar med stadfesta covid-19 døde i Helse Førde.