Rekordmange søknader til Kulturminnefondet i 2021

Størst auke i Vestland

Aldri før har Kulturminnefondet motteke så mange søknader på eitt år. Ved årets slutt passerte dei 2112.

TILSKOT: Kulturminnefondet har løyvd 500.000 kroner til våningshuset frå 1914 på Ytre Fure på Stadlandet.   Foto: Privat

Stadig fleire ser verdien av å ta vare på kulturminne.

Nyhende

I Vestland var auka på 48 prosent samanlikna med året før, og det er høgast auka av alle fylke. Dette førte igjen til at Kulturminnefondet gav støtte til over 40 prosent fleire enn året før.