Ekstremvêret «Gyda» treff Vestlandet onsdag

Meteorologisk Institutt har sendt ut oransje farevarsel om mykje regn i Sogn og Fjordane frå onsdag ettermiddag til  torsdag kveld.

Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk i Stad kommune, seier at folk bør sikre eiegdomane sine og halde seg innomhus når ekstremvêret Gyda råkar Vestlandet onsdag. Arkivfoto 

Nyhende

Det er venta frå 80 til 120 millimeter regn, nokre stader opptil 150 millimeter. Mest nedbør er venta sør i Trøndelag og Møre og Romsdal, der ekstremvêret no er på raudt nivå, det høgaste farenivået for regn. Ekstremvêret har fått namnet «Gyda», og er det meteorologane kallar ei «atmosfærisk elv.