Ein halv million hushald får ikkje straumstøtte automatisk

(NPK-NTB): 500.000 hushald vil ikkje automatisk få utbetalt straumstøtta frå regjeringa. Årsaka er at dei får rekninga for straum og nettleige kvar for seg.

500.000 hushald vil ikkje automatisk få utbetalt straumstøtta frå regjeringa. Årsak: Dei får separate fakturaer for straum og nettleige   Foto: Marius Helge Larsen/ NTB /NPK

Nyhende

– Viss du ikkje har gjennomfakturering, altså at du betaler nettleige direkte til nettleigeselskapet, så skal vi utbetale det overstigande støttebeløpet utover nettleiga til kontoen til kunden. Utfordringa er å ha det korrekte kontonummeret til kundane å betale til, seier kundesjef Espen Lundberg Pedersen i Glitre Energi Nett til NRK.