Analyserte 15 prøver - seks av dei er positive

Helse Førde melder om seks nye positive prøver etter at 15 prøver vart analyserte måndag.

Mellom måndag 3. januar og måndag 10. januar har 216 av 792 prøver vore positive, ifølgje Helse Førde.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte måndag 10. januar 15 prøver og seks av dei er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag.

Helse Førde opplyser ikkje kvar dei positive prøvene er tatt.

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei skal sende koronatestar som er tatt. Difor kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved bruk av hurtigtestar, og det vil difor vere mørketal. Likevel viser tal på positive prøver frå Helse Førde ein trend over tid.

216 positive

Mellom måndag 3. januar og måndag 10. januar har Helse Førde analysert 792 prøver og 216 av desse har vore positive.

Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive

Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive

Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive

Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Fredag 7. – søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive

To koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at to pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde. Ein av pasientane er på intensivavdelinga.

Ifølgje Helse Førde sine tal er fire pasientar med covid-19 i Helse Førde døde gjennom pandemien.