Berre 1.646 millimeter nedbør i 2021

Året vart ein meter tørrare enn 2020

– Det har vore eit tørt år, det er hovudinntrykket når Karsten Hildenes summerer opp nedbørsåret 2021.

FINE FORHOLD: I år fekk vi snø til jul, og det var fine forhold i romjula, noko mange nytta seg av, som desse to jentene på skitur på Tua. 

Nyhende

Det vart til saman målt 1.646 millimeter nedbør på målestasjon Nymark hjå Karsten Hildenes i Stad kommune i 2021. Dei fleste månadene i fjor vart det målt mindre nedbør enn normalt. Til samanlikning vart det i 2020 målt heile 2.737 millimeter nedbør på same stad. Gjennomsnittleg årsnedbørsmengde, normalen, som er eit snitt av den siste tiårsperioden 1991- 2020, ligg på 2.072 millimeter årleg.