45 + 137 underskrifter så langt – fryktar at bulysta vert øydelagd

Sterk støtte til felles uttale

Støy, lysforureining, visuell øydelegging, tungtrafikk i bustadstrøk og øydelagd bulyst. Dette er nokre av konsekvensane som folk på Flatraket fryktar vil bli resultatet dersom Stad kommune ikkje tek planområdet BN25 ut av sjøarealplanen som snart skal vedtakast.

ER UTVIDA: Bygdefolk protesterer imot planar som vil kunne innebere fylling av tunnelmasse i strandsona på Flatraket. BN25 tilsvara eit område frå Selje kommune sin arealplan frå 2017, men er utvida på både austside og vestside. Det er ikkje gjort ny konsekvensutgreiing for området til denne avgrensa høyringa. 

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for meir næringsaktivitet i sjøområda, utan at dette kjem i konflikt med viktige naturområde, kulturminne, verneområde eller bruken av sjøområda som rekreasjon for fastbuande og besøkande

Nyhende

På Flatraket har dei laga ein felles uttale i samband med utvida høyring av sjøarealplanen. I uttalen som dei skal sende til Stad kommune ber dei om at planområdet BN25 blir tatt ut av planen, og at det ikkje vert tillate med fylling av stein på dette området.