Høgaste målte radonverdi er 640 Bq/m3

Mest i kjellar og rektorkontor

Fjordabladet skreiv nyleg om høge radonnivå på Hjelle skule. Avisa har no fått tilgang til data frå dei ulike romma, og det viser seg at det er særleg i kjellaren og på rektors kontor nivåa er høge.

TILTAKSGRENSA ER 100 Bq/m3: I Strålevernforskrifta heiter det at radonreduserande tiltak skal setjast i verk i barnehagar og skular dersom radonnivået overstig 100 Bq/m3 (tiltaksgrense). Vidare tilrår Strålevernet at radonnivåa alltid skal vere lågare enn ei maksimumsgrense på 200 Bq/ m3. Langtidsmålingar på Hjelle skule viser årsmiddelverdiar over tiltaksgrensa i fleire av klasseromma. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Målingane er gjennomført i klasserom, rektorkontor og i kjellar

Høgt radonnivå målt på Hjelle skule

Langtidsmålingar av radonnivå ved Hjelle skule viser høge talverdiar. ‒ Som forventa, seier eigedomssjef i Stad kommune Tore Nyhammer-Taklo.


På Hjelle skule syner berre to av langtidsmålingane årsmiddelverdi under 100 Becquerel per kubikkmeter luft (Bq/m3). Dette gjeld rom nummer 5 der nivået for årsmiddelverdi er målt til 54 Bq/m3 og rom nummer 2 der årsmiddelverdi er målt til 75 Bq/m3.