Ingen friske og fullvaksinerte på respirator i Helse vest dei siste månadene

(NPK-NTB): I november og desember 2021 var det ikkje ein einaste frisk, fullvaksinert pasient som trong respiratorbehandling for covid-19 ved sjukehusa i Helse vest.

Haukeland universitetssjukehus, det største i Helse vest, hadde til liks med dei andre i helseregionen ingen friske og vaksinerte pasientar på respiratorbehandling dei to tidlegare månadene.   Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Nyhende

Under åtte prosent av norske vaksne er uvaksinerte mot koronaviruset. Samtidig viser dei nye tala frå Helse vest at denne gruppa er overrepresentert på intensivavdelingane ved sjukehuset i helseføretaket.