Høgast radonnivå i auditoriet på EUS

Nyhende

På Eid ungdomsskule (EUS) er høgaste målte radonnivå årsmiddelverdi i auditoriet med 210 Bq/m3. I fysikkrommet er årmiddelverdi 170 Bq/m3, i klasserom 7 120 Bq/m3, i kjøkken nord 130 Bq/m3, i musikkrommet 98 Bq/m3, i kunst- og handverksrommet 64 Bq/m3 og i C1 59 Bq/m3. Også her skal det utførast trinn 2-målingar for å berekne kor høgt radonnivået faktisk er i brukstida.