Snart einaste fiskaren med eigen båt i Sogn og Fjordane

–Å vere fiskar er livet mitt, seier Asle Jørgensen frå Selje

Asle Jørgensen er ein av svært få unge fiskarar frå Sogn og Fjordane som satsar på eigen båt og mannskap. I ein alder av 29 år har han nyleg kjøpt sin fjerde fiskebåt.

Asle Jørgensen frå Selje er fiskar i tredje generasjon. Han fekk smaken på yrket frå sine første barneår, og vil halde på som fiskar så lenge han kan. No etter jul er han igjen klar for å jakte på torsken på Finnmarkskysten, og kjem ikkje heim til familien før i april.   Foto: Alle foto: privat

Nyhende

Asle Jørgensen kom før jul heim til familien på Salt i Moldefjorden, eit par kilometer aust for Selje sentrum.