Leiar

Nytt år og nye utfordringar

Fjordabladet ønskjer alle eit godt nytt år!  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

No ser vi framover. Nytt år gir nye moglegheiter, utan at vi treng å ha nyttårsløfter vi ikkje klarer å halde.

Nyhende

Koronaen sette sitt preg på både det vi kalla annleisåret 2020 og på fjoråret. Hadde vi visst at pandemien skulle vere så styrande over livet vårt også i 2021, så trur vi at fleire hadde slite med å gå nytt år i møte. Men no står vi føre eit nytt år, med nye utfordringar. og moglegheiter.

I Fjordabladet i dag kan du lese årskavalkaden vår, eit tilbakeblikk over kva som har skjedd siste året av små og store hendingar. Her ser vi at livet vårt i Nordfjord har mykje å by på, både av personar som står på litt ekstra, næringsliv som utviklar seg vidare. Gjennom året har du kunne lest om tilflyttarar, idrettsprestasjonar, men også at lokale idrettsgrupper som slit som følgje av pandemien. Nye oppdrettslokalitetatar har engasjert, og eit ja til Stad skipstunnel og enormt store budsjettutfordringar i Stad kommune har også sett sitt preg på året.

Nedstenging av landet forandra livet vårt i 2020. Og når vi igjen starta og avslutta året på same vis er det inngripande og avgjerande i livet vårt.

Det er tøft psykisk for fleire, men vi må løfte kvarandre, og hjelpe dei som treng det.

No legg vi bak oss 2021 – og ser framover. Nytt år gir nye moglegheiter, utan at vi treng å ha mange nyttårsløfter vi ikkje klarer å halde.

Livet går vidare, og vi må lære oss å leve med korona. Håpet er at livet skal normalisere seg litt etter litt.

Det er ingen tvil om at også 2022 blir eit interessant år – også for lokalpressa. Vi lovar at vi skal spegle små og store nyhende.

Godt nytt år til alle!