Leiar

God jul!

Vi i Fjordabladet ønskjer alle ei riktig god jul!  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Opp i vår overflod av mykje julegåver og mat er det eit tankekors at mange ikkje har det like lett i desse tider.

Nyhende

Adventstida vart litt annleis i år, der koronapandemien vi alle er så lei av gav nye innskjerpa reglar for korleis vi kan leve livet vårt.

Brått var det bom stopp på julekonsertar som skulle sette oss i førjulsstemning, og skuleavslutningar der elevar stolte kan vise fram kva dei har øvd på i lang tid til foreldre og besteforeldre. Nokre rakk å få unna julebord med jobben sin før nedstenging, andre ikkje.

Men likt for alle er at vi overalt har vore prega av pandemien,

Men jula er ikkje avlyst. Sjølv om vi må tenkje litt over kor mange som møtast og ikkje ha for mange nærkontaktar, så kan vi vere saman med dei nære, senke skuldrene og nyte fine juledagar.

Opp i vår overflod av mykje julegåver og mat er det eit tankekors at mange også i vår eiga heimkommune ikkje har det like lett i desse tider. 198 barn i Stad kommune levde under fattigdomsgrensa i 2019. Det er ein auke på 37 prosent på seks år. Med andre ord, det er tøffare tider for fleire.

Frelsesarmeen i Måløy deler ut matkasser heile året, og ekstra mange rett før jul. I år deler dei ut matkasser eller gåvekort til 60 familiar i områda gamle Vågsøy og Selje kommune.

Også her lokalt har frivillige organisasjonar, handelsstand og ulike etatar i Stad kommune gått saman for å gjere det litt lettare for dei som treng litt ekstra no i desse tider. Vi har alle kunne gitt julegåver til ein framand, og lagt dei under juletrea enten på kjøpesenteret Alti eller på innbyggjartorget i Selje. Mange har gjort det. I tillegg vert det delt ut matkasser og gåvekort. Behovet er absolutt til stades.

Så vil vi oppmode om å tenkje litt ekstra på dei som sit åleine, dei som har mista nokon nære, eller som slit ekstra som følgje av pandemien. For opp i all vår overflod og juleglede er det dei som av ulike grunnar gruar seg til denne tida.

Vi i Fjordabladet vil ønskje deg og dine, abonnentar og annonsørar ei riktig god jul!