Meiningar

Vil Noregs Bondelag løfte i lag med distriktsjordbruket?

Leidulf Gloppestad kjem her mellom anna med tankar om distriktsjordbruket.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Norsk matproduksjon har vore høgare på dagsorden dei siste par åra enn kva det har vore på særs lenge. Det er eg glad for og eg også glad for jobben som Noregs Bondelag i lag med Småbrukarlaget har gjort for å synleggjere kor dramatisk situasjonen er for norske bønder. Spesielt dramatisk for oss her i Vestland er korleis det skal gå med dei små mjølkebruka framover. Desse er ryggrada i distriktsjordbruket og er legitimeringa av biletet med ei jordbruk over heile landet. Noko også Noregs Bondelag har løfta fram som eit av dei store fortrinna for norsk matproduksjon.


Sjølv er eg mjølkebonde og ordførar i Gloppen kommune, ein av dei største landbrukskommunane i Vestland. Eg har tydeleg sett at dei raude varsellampane i næringa har lyst ei stund og no er det rett og slett krise. I Vestland har vi 750 båsfjøs og 11 000 mjølkekyr som treng å gå i frå bås til lausdrift. Av desse er 600 mjølkekyr i Gloppen. Vi er rundt 5900 innbyggjarar i kommunen. Og om lag 1000 personar har, direkte eller indirekte, sitt arbeid og virke i eller i tilknyting til landbruket. Landbruket er då også sjølvsagt ei av dei viktigaste næringane vi har, med tanke på arbeidsplassar, busetnad og ringverknadar for anna næringsliv. Dette er eit bilete vi i Gloppen deler med mange andre distriktskommunar i nord, elles på Vestlandet, i Agder eller i gamle Telemark, berre for å nemne nokre døme.

I Vestland fylke vert 70 millionar liter mjølk produsert i båsfjøs. Det er mykje. Vi veit at mange av desse no står framom tunge investeringar om desse bruka framleis skal vere mjølkeprodusentar. Utfordringa vår her i Vestland og som eg er rimeleg trygg på at Noregs Bondelag er klar over, sidan fylkesleiar for Vestland Bondelag, Anders Felde, har vore ekstremt tydeleg på dette i alle kanalar og fora han har vore i, er at innretninga på investeringsmidlane må endrast. Tida for dei store samdriftene og store enkeltbruk her i vår del av landet er over. Dei som hadde høve til,- og kunne bygge desse store fjøsane er ferdige. No står vi att med dei små og mellomstore bruka. Bruk i størrelsesorden 20-30 kyr, som ikkje kan bli større sidan arealet til å dyrke grovfôr på er mykje vansklegare å drive rasjonelt. Eg hugsar godt då styret i Noregs Bondelag med leiar Lars Erik Bartnes i spissen, under kyndig guiding av Anders Felde, var på tur i Nordfjord og fekk sjå siloslått på ein brattlendt gard i Fjellbygda i Gloppen. Det dei fekk sjå der var eit av mange eksempel på typisk norsk distriktslandbruk. Eit landbruk som skal møte den nye tida.


Stortinget har talfesta mål om auka norsk matproduksjon. Eit av dei viktigaste grep vi kan gjere for å nå desse måla er å sikre at det areal som er i drift i dag, blir nytta til matproduksjon også i framtida. Gloppen og Vestland utmerkar seg til dette sidan tilgang på utmarksressursar er god og det å drive matproduksjon på desse ressursane er vinn-vinn for folk og for klimaet. Mjølkekyr med sin kombinasjon av mjølk- og kjøtproduksjon, som beitar og nyttar seg av desse ressursane i utmarka er ekstra gunstig, og alt dette er eg trygg på at Bondelaget veit. Men no er eg uroa for, og eg får litt inntrykk av, at dette ikkje er noko Noregs Bondelag sentralt er spesielt opptekne av når ein ikkje ser utfordringa med korleis innretninga på investeringsmidlane slår ut rundt om i landet. Vi er samde i at inntekta må opp og vi er samde i at det må meir investeringsmidlar på bordet. Men det åleine er ikkje nok.


Problemet vårt er at det ikkje hjelper med meir pengar, det er innretninga på investeringsmidlane som må endrast. Det er vanskeleg å få økonomi i investeringa når ein frittståande fjøs for 20-30 mjølkekyr kan nærme seg 10-11 millionar kroner. Dette skal igjen betalast av ein mjølkekvote på rundt 200 000 liter der dei som skal investere gjerne er unge, småbarnsforeldre i etablerarfasen med tre millionar kroner i gjeld på hus og bil før ein startar. Vi ser også at det er eit behov for å bygge fjøsar for mindre besetningar enn dette, men det er i dag ei nærast umogleg oppgåve.


Lønsemd er viktigare enn investeringsmidlar blir det sagt, eg er ikkje ueinig i det. Det nyttar ikkje kor mykje pengar ein får for å bygge fjøs om ein ikkje tener pengar på den. Utfordringa er at no har vi dårleg tid. Vi har ikkje tid til anten eller, vi må gjere begge deler.


Vi har fått ei ny regjering, og denne har vist at ein har både vilje og evne til å løfte investeringsmidlar og lønsemd i landbruket. I budsjettforliket med SV seier ein det også tydeleg; «regjeringa må sikre at investeringsmidlane bidreg til å realisere lausdriftskravet for små og mellomstore bruk.»

Eg som ordførar har vore utfordra, av mellom anna Noregs Bondelag, på å hjelpe til med press og påverknad. Både til den regjeringa vi har no og den førre, slik at lønsemd og vilkår i næringa vart betra. Dette har eg både gjort og skal gjere framover, landbruket er ei næring som er viktig, for kommunen, regionen og fylket. Kan mitt bidrag som ordførar hjelpe til med å få betre lønsemd og vilkår i næringa på plass, så skulle det berre mangle.


Men no krev eg svar attende. Eg krev, både som medlem i Bondelaget og som ordførar i Gloppen kommune, at leiar i Noregs Bondelag svarar på om Bondelaget vil arbeide saman med oss og få endra innretning til investeringsmidlar i landbruket, slik at partnarskapen og Innovasjon Noreg i dei ulike fylka får styre dette sjølve. Nokon revolusjon er det ikkje. Troms og Finnmark får t.d styre desse midlane. Dette er fullt mogleg om viljen er der. Det er heller ingen grunn til å godta at dette skal inn i landbruksforhandlingane til våren. Det dette handlar om er rett og slett moglegheit til å få bruke investeringsmidlane slik at dei treff best etter lokale forhold.
I Vestland treng vi, etter ynskje mellom anna frå Vestland Bondelag, både kunne setje investeringstaket til 3 millionar kroner og gje inntil 50% investeringstilskot til mjølkebruk. Om det også er eit mål å bygge meir i tre og mindre i stål og betong, som eg også trur vi kan vere samde om, bør tilskotet vere 3,5 millionar kroner.

Vi treng denne moglegheita for å sikre framtidig mjølkeproduksjon i Vestland fylke og vi treng den no. Vi har inga tid å miste og vi har ikkje fleire bruk å miste. Dette veit vi som kjenner dei lokale tilhøva, som kjenner næringa i vårt område, som ser at stadig fleire mindre bruk no mjølkar for siste gong og sløkker lyset i fjøset for godt.

Det vi ikkje treng, er at det største faglaget i næringa er eit hinder på vegen og ikkje vil løfte i lag med oss. Vi har trass alt same mål!