Stad kommune sel aksjane i Fjordvarme AS til Nordplan AS

Formannskapet i Stad sa sist torsdag ja til sal av Stad kommune sine 4827 aksjar i Fjordvarme AS

Ole Starheim, økonomisjef i Stad kommune, var tydleg på at Stad kommune ikkje er ein strategisk eigar i Fjordvarme AS, og at det derfor vil vere fornuftig å selje aksjane til eit selskap som kan utvikle Fjordvarme AS vidare.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Stad kommune eig og byggjer ut all infrastruktur gjennom Fjordvarme KF. Fjordvarme AS driftar fjordvarmenettet. Det skal dei gjere fram til 2028, sa Ole Starheim som understreka at Stad kommune ikkje er ein strategisk eigar, og at ein på denne bakgrunn tilrådde sal av kommunen sine aksjar til Nordplan AS som strategisk eigar kunne vidareutvikle selskapet.