Løyvde 65.000 kroner til sekshjuling

Formannskapet i Stad løyvde sist torsdag 65.000 kroner til Fellesanlegget på Tua til kjøp av sekshjuling.

Hogne Bleie (Frp) meinte det var viktig å støtte det frivillige arbeidet, men at ting verka lite planmessig frå kommunen si side..   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Fellesanlegget – Tua er ein organisasjon som er eigd av Eid IL, Heia IL, Eidsbygda Skyttarlag og Eid jeger og fiskelag. Formålsparagrafen er å legge til rette for friluftsliv, fysisk aktivitet og trim for ålmenta. Dei fire eigarane arrangerer i tillegg trening, konkurransar og årlege meisterskap på anlegga og fasilitetane til Fellesanlegget – Tua. Alt arbeidet som blir utfører vert gjort på dugnad.