Ingen auke i halleige

Stad Sp føreslo i Formannskapet at satsane for halleige ikkje blir auka. Det slutta alle seg til.

Paul Jacob Helgesen (Sp ) fekk med seg resten av formannskapet då han føreslo at utleigesatsane for Eid Idrettshus, Eidahallen og Valhall ikkje vert auka frå 2021 til 2022.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Formannskapet i Stad vedtok, som innstilling til kommunestyret, gebyr og betalingssatsar for 2022, og dessutan Nomil sitt framlegg til renovasjonsforskrift og slamforskrift for 2022. Generelt er satsane auka med 2,8 prosent frå 2021. I debatten føreslo Paul Jacob Helgesen at leigesatsane for Eid Idrettshus, Eidahallen og Valhall ikkje vart auka frå 2021 til 2022. Det var resten av formannskapet einige i. Saka går vidare til Kommunestyret for endeleg avgjerd.