Enorm interesse for å byggje skipstunnel ved Stad

(NPK): Entreprenørselskap over heile verda står i kø for å få byggje verdas første skipstunnel ved Stad, skriv Teknisk Ukeblad.

Slik kan skipstunnelen komme til å sjå ut når han står ferdig om nokre år. Illustrasjonen viser innseglinga frå Kjøde på nordsida av skipstunnelen.   Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Nyhende

I alt 19 entreprenørar som deltok på leverandørkonferansen til Kystverket i haust, kan vere aktuelle for totalentreprisen på den 1,7 kilometer lange skipstunnelen, fortel prosjektleiar Terje Skjeppestad i Stad skipstunnel til bladet.