Aukar innsparingskravet med 23,7 millionar over tre år

Fleirtalet i Stad formannskap vedtok Venstre og Høgre sitt framlegg til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022–2025.

Fleirtal: Venstre sitt forslag til budsjett for 2022 og økonomiplan for perioden 2022–2025 fekk fleirtal i Formannskapet. Venstre sine fire representantar Gunnar Silden, Knut Tore Nes Hjelle som møtte som vara i Wanja Lien (H) sitt fråvær, Helle Frogner, Gunnvald Ludvigsen og Frp sin representant Hogne Bleie, vara for Anfinn Sjåstad, røysta for framlegget. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det som skil Venstre og Høgre sitt budsjett- og økonomiplanforslag frå kommunedirektøren si tilråding, er eit nei til auke i eigedomsskatten for private, og eit rungande nei til eigedomsskatt på næring frå 2023.